I foajéen av ein heim (frå serien mørkets barn)

 

Golvplankar knirkar

skuggar piler ved føtene

forsvinn i sprekkar og hol


Du set skjeletthælar

mellom gamle pizzaøskjer

og mugna papir


Ei tett stinkande lukt

klemmast mot ansiktet

som ei dødsmaske


Ingenting bur her lenger

som klatrar i lysekroner

grev ned mjølketenner


På eit havarert bord står

restar av eit teaterselskap

med flasker klisne av støv


Og du forstår først no

at dei mista manuskriptet

og replikken om eit barn

---------------------------- 

w.l.-14




 

4 kommentarer

Malvin

17.09.2014 kl.22:26

Veldig fin blogg kjære. Skal lese alt du skriv <3

Ingunn

19.09.2014 kl.12:27

Du er utruleg kreativ, kjære syster!

wencheliljedal

23.09.2014 kl.22:49

Ingunn: Tusen takk, bestaste syste :)

wencheliljedal

23.09.2014 kl.22:50

Malvin: Tusen takk, kjære <3

Skriv en ny kommentar

wencheliljedal

wencheliljedal

49, Høyanger

Frå Lavik i Sogn Låtskriving/Poesi

Kategorier

Arkiv

hits